Flotte uteområde skapar trivsel og livsglede! La oss hjelpe deg med opparbeiding av draumehagen, innbydande grøntareal og imponerande parkanlegg.
Vi i Fureli Maskin har både kompetanse og utstyr til å realisere dine visjonar for ditt uteområde. Vi har spesialisert oss på hagerom og hageanlegg og ser gjerne løysingar som våre kundar ikkje ser. Vi veit kva som er mogleg å få til, og får jobben gjort raskt og med gode resultat!
På privatmarknaden har vi gode erfaringar med å jobbe saman med kunden gjennom tett dialog. Det er like moro for oss som for oppdragsgivar å sjå mogleheiter og, ikkje minst, det ferdige resultatet når jobben er gjort. Så om du har tankar rundt fornying av uteområde må du ikkje nøle med å ta kontakt. Besøk og gjerne facebooksida vår for å sjå dømer på jobbar vi har gjort.
![](http://furelimaskin.no/wp-content/uploads/2019/06/furelimaskin62.jpg)
Nye blomsterbed, ein veg eller ein flott mur? Du har visjonane for ditt uteområde, så tar vi oss av løysingane.
Nokre av våre tenester til privatmarknaden:
- Gråsteinsmuring
- Betongarbeid (små og store oppdrag)
- Opparbeiding av hage
- Planlegging av hageanlegg
- Planting av hekkar, større tre
- Vedlikehald av hage og grøntanlegg (plenklipp, hekk-klipp, grusing, osv.)
- Anlegging av veg
- Anlegging av stiar og grusgangar i hageanlegg
- Anlegging av dam-anlegg og basseng
- Drenering
- Tomtearbeid – grunnarbeid, opparbeiding av tomt
- Vatn- og avløp (privat og offentlig)
- Skogrydding
- Snømåking av privat veg og hustak
- Transport av massar og maskiner
- Sal og leveranse av massar som jord, bark, grus, singel, osv.
- Utleige av vibroplate (hoppetusse), asfalt-sag, kompressor, tilhengarar, osv.
- Mekaniske tenester
- Sal av diverse artiklar som markduk, rør, osv.
Andre tenester