Om oss – Fureli Maskin

Om oss

Historia til Fureli Maskin har vart i over ti år, men den har samstundes knapt begynt.

Vårt selskap vart etablert som eit enkeltpersonforetak i april 2007, og vart i 2011 omregistrert til AS. Frå vår base i Vadheim i Høyanger kommune tek vi oppdrag for privatpersonar og aktørar innan næringsliv og det offentlege. Vi tek også oppdrag som underentreprenør i større prosjekt.

Heilt sidan starten har Fureli Maskin opplevd gradvis vekst, og vi har etter kvart fått eit solid fotfeste i regionen. Dei første åra hadde selskapet eit par deltidstilsette, medan vi no er seks i organisasjonen. Vi leiger også inn arbeidskraft ved behov.

Fureli Maskin er godkjent lærebedrift, medlem i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) og sentralt godkjent. Hos oss er det stort fokus på trivsel, og vi synst det er særleg kjekt å kunne gje ungdom som nyttar læretida si hos oss ein god start i bransjen.

Ingen jobb for liten. Ingen jobb for stor. Ekteparet Leif Arne og Kari utgjer leiarduoen i Fureli Maskin, og dei høyrer gjerne frå deg.

Våre verdiar

Punktlegheit – Seriøsitet – Kompetanse

Vår forretningsidé

Fureli Maskin er ein maskinentreprenør som utfører små og store oppdrag til privatmarknaden, privatmarknaden og stat og kommune i Sogn og Sunnfjord. Vi leverer også massar og har utleige av utstyr. Vårt varemerke er punktligheit og kompetanse i alt vi gjer.