Privat – Fureli Maskin

Privat

Flotte uteområde skapar trivsel og livsglede! La oss hjelpe deg med opparbeiding av draumehagen, innbydande grøntareal og imponerande parkanlegg.

Vi i Fureli Maskin har både kompetanse og utstyr til å realisere dine visjonar for ditt uteområde. Vi har spesialisert oss på hagerom og hageanlegg og ser gjerne løysingar som våre kundar ikkje ser. Vi veit kva som er mogleg å få til, og får jobben gjort raskt og med gode resultat!

På privatmarknaden har vi gode erfaringar med å jobbe saman med kunden gjennom tett dialog. Det er like moro for oss som for oppdragsgivar å sjå mogleheiter og, ikkje minst, det ferdige resultatet når jobben er gjort. Så om du har tankar rundt fornying av uteområde må du ikkje nøle med å ta kontakt. Besøk og gjerne facebooksida vår for å sjå dømer på jobbar vi har gjort.

Nye blomsterbed, ein veg eller ein flott mur? Du har visjonane for ditt uteområde, så tar vi oss av løysingane.

Nokre av våre tenester til privatmarknaden:

  • Gråsteinsmuring
  • Betongarbeid (små og store oppdrag)
  • Opparbeiding av hage
  • Planlegging av hageanlegg
  • Planting av hekkar, større tre
  • Vedlikehald av hage og grøntanlegg (plenklipp, hekk-klipp, grusing, osv.)
  • Anlegging av veg
  • Anlegging av stiar og grusgangar i hageanlegg
  • Anlegging av dam-anlegg og basseng
  • Drenering
  • Tomtearbeid – grunnarbeid, opparbeiding av tomt
  • Vatn- og avløp (privat og offentlig)
  • Skogrydding
  • Andre tenester

  • Snømåking av privat veg og hustak
  • Transport av massar og maskiner
  • Sal og leveranse av massar som jord, bark, grus, singel, osv.
  • Utleige av vibroplate (hoppetusse), asfalt-sag, kompressor, tilhengarar, osv.
  • Mekaniske tenester
  • Sal av diverse artiklar som markduk, rør, osv.